Svanøy i media:

Opplev Svanøy

På Svanøy kan du vandre i Eirik Blodøks sine fotspor, høyre om tida som adelssete og om driftige Haugianarar i si tid, medan du nyt den vakre naturen. Med turstiar på fjell og langs vatn, lune badevikar, flotte sykkelvegar og havet utanfor, er det berre fantasien som set grenser for aktivitetane. Kom til Svanøy, og reis heim at ei oppleving rikare.

 

Bistro To Kokker tilrettelegger opphaldet for deg om du kontaktar Terje Andersen på telefon 40 40 24 90 eller booking@svanoy.com

 

Her følger en beskrivelse av litt av det Svanøy har å by på:

 

OVERNATTING FOR BEDRIFTER I HISTORISKE ROM

På Svanøy Hovedgård frå 1600 talet får du som deltakar i eit bedriftsopphald, bu på t.d. ”Fogd Nagels sengekammer”, ”Logementburet”, ”Pernille Budeies rom” eller nokre av dei andre historiske romma. Du kan føle deg som heime i dei mange stovene i denne ærverdige bygningen. Du får definitivt anledning til å nyte maten i spisestova med handmåla tapeta medan du nyt utsikta til hagen og bukta nedanfor - som adelsmenn og haugianarar gjorde det i si tid ...

 

OVERNATTINGSMULIGHETER

På Svanøy er det mulig å overnatte også for andre enn bedrifter. De såkalte Meieriet og Eldhuset er til leie også for privatpersoner og familier. For meir informasjon send ein e-post til booking@svanoy.com

 

"Det Blå Huset" er populært og har høy standard. Klikke her for å sjekke lom det er ladig. Huset leies ut gjennom Airbnb.

 

Det er også andre som leier ut husvære på øya, og ved å kontakte oss på hjort@hjortesenteret.no vil vi forsøke å formilde kontakten vidare.

 

DAGLEGVAREHANDEL

På Svanøy har vi nærbutikk, Svanøy Handel,  og der kan en handle det meste av vanlige og uvanlige kolonialvarer. Utvalget i hyllene er meget bra, og det er ingen grunn til å ta med seg varer! Er du usikker på åpningstidene kan du ringe 57 74 00 29 eller sende en e-post til svanoy.handel@ngbutikk.net  

 

Ved Hjortesenteret er det mulig å kjøpe hjortekjøtt samt ulike hjorteprodukt, bøker osv. Besøk også Hjortesenterets nettsider for mer informasjon www.hjortesenteret.no  

 

OMVISINGER

Som gjest på Svanøy kan du få ei innlevande forteljing om Svanøy si fascinerande historie og få omvising blant kulturskattar på Svanøy Hovedgård. Omvisning etter avtale ved å sende e-post til booking@svanoy.com

 

På andre sida av øya, på Kvalstad, kan du gjennom ei omvising ved Norsk Hjortesenter få kontakt med hjort, dåhjort, påfuglar, utegangarsau og ville kaninar. Ei oppleving du seint vil gløyme. Omvisning etter avtale på telefon 57 75 21 80 eller hjort@hjortesenteret.no   

 

VAKKER NATUR…

Svanøy er ei uvanleg frodig øy i overgangen mellom kyst- og fjordlandskapet. Her finn ein eit variert terreng  og eit vakkert kulturlandskap. Svanøy har ein rik førekomst av kristtorn og her finns også andre sjeldne planteartar. Det er utarbeidd ein unik bruks- og verneplan for øya. Lune gjestehamner og fine badevikar lokkar båtturistane og andre hit....

 

RIKT DYRELIV…

Ved Norsk Hjortesenter www.hjortesenteret.no kan ein få nærkontakt med meir eller mindre tamme dyr som hjort, dåhjort, utegangarsau, påfuglar og kaninar. Svanøy har ellers eit rikt fugleliv, og er du heldig kan du observere nokon av dei mange havørnene som held til på øya. I strandkanten kan ein treffe på oter, og øya har dessutan ein naturleg vill hjortestamme.

 

HERREGÅRDSMÅLTID..

Matservering kan du få fleire stader på Svanøy:

 

Kroa i butikken på Svanøybukt har skjenkeløyve og serverer mat. For meir informasjon ring 57 74 00 29.

 

Bistro To Kokker serverer måltider etter avtale ved Svanøy Hovedgård og ved Norsk Hjortesenter. For meir informasjon ring Terje Andersen på telefon 40 40 24 90 eller send e-post til booking@svanoy.com  

 

Ved eit besøk kan du få servert herregardsmåltid av høg klasse, og med basis i lokale råvarer frå øya som t.d. hjort, dåhjort, laks, skaldyr, får, sopp, urter og bær. For spesielt interesserte er det mogleg å delta på eit kurs i handtering og tillaging av hjortekjøt.

 

AKTIVITETAR…

Bistro To Kokker tek deg også med på fisketurar med lokalkjend skipper, på fart og moro med havrafting, på konkurransar og utendørsmåltid i villmarksleieren, på fotturar i fjellet eller på ein ridetur rundt øya.  Kanskje vil du gjerne besøke eit oppdrettsanlegg eller få ein smaksdemonstrasjon på vår heilt spesielle høgkvalitets røykelaks?  

 

Det meste let seg gjere berre du set av litt tid…