"Norskekysten" gjer strandhogg på Svanøy

Johan Trygve Solheim

 

I BESTE SENDETID: Førstkomande søndag 16. oktober vitjar programmet "Norskekysten" Svanøy og Norsk Hjortesenter. Her er skipper Magnus Stangeland, programleiar Dag Lindebjerg og Rannveig Solheim. Foto: Johan T. Solheim.

 

Stadig fleire sjåarar har benka seg ved tv-skjermane på søndagskveldane, etter kvart som Dag Lindebjerg og produksjonsteamet hans har sigla sørover langs Norskekysten, for å dokumentere natur, kystkultur og menneska i som lever i den. Sist søndag nærma sjåartala seg 650.000, og førstkomande søndag kastar han loss frå Måløy og siglar sørover mot Svanøy.

 

Lindebjerg, som er ein ihuga kystelskar, har vitja Svanøy fleire gonger tidlegare, og det var difor ikkje uventa at han blinka ut "Sunnfjords perle" under siglasen sin. Med seg som skippar har han ein annan velkjend "kysthovding", nemleg mangeårig stortingspolitikar styreleiar for Redningsselskapet, Magnus Stangeland.

 

Gjennom ti program har Lindebjerg vitja små og store kystkulturar, med start i Finnmark tidlegare i haust. Programma set søkelys på kystkulturen og kva denne har betydd for både busetnad, utvikling og identitetsbygging for heile landet vårt. Men serien speglar vel så mykje notid, næringsutvikling og kreativitet for å skape livsgrunnlag for småsamfunn - og korleis framtidsutsiktene ser ut.

Besøket på Svanøy kan du altså sjå førstkomande søndag klokka 20.35 på NRK1.